Lemmus
Lemmus@social.vivaldi.net
<p>I toot in English and Norwegian, but not necessarily only those. He/him.</p><p>All messages are automatically deleted after a week.</p><p>Vertical, not horizontal, source code; 80 columns text width.</p>
Posts
-
View post
Eg likte denne kronikken om skam av Kaja Melsom. Skamvett er ikkje ein dårleg eigenskap. https://www.nrk.no/ytring/skamloshetens-pris-1.17812780
-
View post
Prøvde tenke alvorleg på degoogling på telefonsida... Så, BankID, banken eg bruker gir framleis ut kodekort, dei liker det ikkje, men gjer det. Buss her i byen finst det framleis eit par løysingar som ikkje krev app. På hurtigbåten vert dei ikkje sure om ein prøver betale med kort på båten. Men, så var det Vipps... Ikkje ha Vipps er vesentleg verre enn ikkje Facebook... Skulle ønske dei hadde ei webløysing, for da hadde full degoogling vore vesentleg mindre smertefullt.
-
View post
– Kva er skilnaden mellom ein barneskole og ein terroristleir? – You are absolutely right!
-
View post
Eg kan korkje Rust eller SPARK, men kvar gong det er nokon som kjem med veldig luftige påstandar om kor lett det er skrive verkeleg robuste program med Rust, verkar det som dei ikkje kjenner til SPARK.
-
View post
Fascinerande korleis dei mest effektive våpendragarane tekk-gigantane (eg klarer ikkje skrive det med berre éin k, orsak) har, ikkje er noko smart eller utspekulert, berre hordar av folk som «berre vil ha ting gjort» med kampropet «Korfor må du vera så vanskeleg?»